Dei fleste har så smått no starta på sommarferien sin, tida då sommarvikarar tek over mykje av det daglegdagse arbeidet i ulike bedrifter.

Ifølgje VG viser LOs sommarpatruljes rapport frå i fjor at 30 prosent av unge nordmenn i sommarjobb ikkje hadde arbeidskontrakt.

I tillegg har LO funne tilfelle der sommarvikarane har fått veldig dårlege «avtalar».

- Vi har funne folk som har jobba innptil 16 timar dagen utan å få overtidsbetaling. Andre får produkt som løn, seier ungdomsrådgjevar i LO, Kent Rune Pedersen til VG.

Seks tips

I artikkelen kjem avisa med seks råd som ein ein bør sjekke opp før ein skal ut i sommarjobb denne sommaren.

  • Kontrakt - Få ein skriftleg avtale. Her bør informasjon om deg og arbeidsstaden stå, i tillegg til detaljar ved sommarvikariatet.

  • Arbeidstidvedtak - Ein har krav på minst 40 prosent overtid etter ni timar.

  • Pause - Etter fem timar har du krav på ein pause, ein halvtime. Dersom arbeidsdagen er på åtte timar eller meir, skal pausen(ane) vere på til saman minimum 30 minutt.

  • Opplæring - Du har krav på opplæring til å gjere den jobben du skal utføre, både fagleg eog sikkerheitsmessig. Denne opplærings skal også vere betalt.

  • Lønsslipp - Som arbeidstakar har du sjølv ansvaret for å sjekke at du får utbetalt rett løn.

  • Sluttattest - Når du er ferdig kan det vere greitt å få ei tilbakemelding på arbeidet du har gjort, som kan kome til nytte neste gong du søkjer sommarjobb.

For å lese meir om arbeidsreglar for ulike aldersgrupper, kan ein lese meir på Arbeidstilsynets heimesider.