Dei er barndomskompisar, og kjenner styrkane og svakheitene til kvarandre på fotballbana. Mot Fredrikstad var det gurskingane Magnus Myklebust og Steffen Moltu som avgjorde med eitt mål kvar.
Magnus Myklebust (t.v.) og Steffen Moltu tok denne sjølvfien på hotellet etter kampen i Fredrikstad, etter oppmoding frå lokalavisa. Dei er begge frå Gursken, og barndomskompisar. Medan Magnus har vore ute og prøvd lukka andre stader i landet, har Steffen heldt seg i området. No speler dei saman igjen, i Hødd, og avgjorde for dei blåkvite på Fredrikstad Stadion med kvart sitt mål.
Foto: Privat.