Frå 11. til 15. oktober er det igjen tid for dataparty i Ulsteinhallen.

Det er BurnOut Dataparty som er arrangørar. Dei er i full gang med opprigging til UlsteinLAN. Under opprigginga fann dei eit fotoalbum som dei lurer på kven som eig. I albumet er det ein del fotografi av murararbeid.

Chris Rise melder om at albumet ligg på ein trygg stad på Ulstein Arena. Det er berre å kome innom gymsalen og snakke med dei som er der og riggar til.

Inni albumet er det ein del foto av murararbeid. Foto: innsendt