Temaet denne gongen er mindfullness. Arrangørane skriv at det er bakgrunnen for at Øvrelid er invitert, sidan ho har praktisert mindfullness både for seg sjølv og i behandling av eigne pasientar.

– Ja, det var i 2011 under ein legekonferanse eg fekk auga opp for mindfullness. Her fekk eg høyre allmennlege Michael de Vibe fortelje om sitt livsprosjekt og kva helsefremmande fordelar denne terapeutiske metoda har, seier Birgitte Hareide Øvrelid mellom anna i introduksjonen til denne utgåva av Psykolgotimen.

Samtalen med kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust går som vanleg på Ulstein Bibliotek og du kan følgje sendinga her på Vikebladet.no