– Eg er straks ferdig, eg må berre vaske litt rundt fruktdisken, seier han og fyk forbi på golvvaskemaskina. Klokka er 10 og kjøpmannen har allereie vore på jobb i tre timar. Det er visst ein heilt vanleg, hektisk måndag og mange varer som skal leggast på plass.

Men heilt vanleg er denne måndagen likevel ikkje, for snart kjem regiondirektør Jan Arild Byttingsvik på besøk til butikken som vart kåra til årets Rema 1000-butikk. Kåringa skjedde under butikkjeda si årlege landssamling, eller Riksmøte, der alle kjøpmenn i REMA 1000 samlast.

– Eg kom heim frå Oslo i 14-tida i går. Klokka 14.10 var eg på jobb. Eg var så oppgira og vil at ting skal vere bra, så då rydda eg litt, vaska litt, fortel kjøpmann Mork då han har tid til ein liten prat på kontoret.

Jobbar du ofte på søndagar?

– Ja. Det har vorte mange søndagar. Dei første 14–15 åra jobba eg kvar laurdag og kvar søndag. Den innsatsen er nok fundamentet for butikken her i Ulsteinvik. Og eg hugsar at Rema-gründer Odd Reitan fortalde om tunnelsynet ein må ha når ein er kjøpmann, fortel Mork. Han legg til at han har stor respekt for Reitan-familien, og at Rema er ei fantastisk bedrift.

Frå Narvesen til Rema

Jonny Mork fyller femti i januar. Han har drive Rema 1000-butikken i heimbygda sidan 1997, men det heile starta lenge før det.

– Då eg var ferdig med ungdomsskulen, tok eg eit friår for å jobbe på Rema-butikken i Ulsteinvik. Det var veldig kjekt!

Etter vidaregåande og militæret jobba han endå eit år på butikken i Ulsteinvik, og bestemte seg to for å ta ei toårig utdanning på Varehandelens Høyskole i Oslo. Han dreiv så Narvesen på Oslo S i nokre år, før han fekk tilbod om å ta over Rema i Ulsteinvik. Resten er historie, no har han vore Rema-kjøpmann i snart 22 år.

Takka tilsette og familien

Rema 1000-kjeda har 623 kjøpmenn fordelt på tolv regionar. Butikken i Ulsteinvik høyrer til Nordre Vestland, der Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er med.

– Årets vinnar har ei eiga evne til motivere dei tilsette til å gi det vesle ekstra til kundane, sa Jan Frode Johansen, administrerande direktør i REMA Franchise, då prisen vart delt ut.

– Kva eg tenkte då eg vart ropt opp? Eg var eigentleg veldig roleg. Men eg vart rørt og veldig takksam, så eg fekk stotra fram ei takk til dei tilsette og familien, fortel Jonny Mork.

Butikken hans har 12–14 tilsette fordelt på 7–8 årsverk. Kona Lena og to søner på 16 og ni utgjer familien. Og i møte med lokalavisa vil han gjerne utdjupe:

– Det viktigaste for meg er å få fram kor mykje eg set pris på mine tilsette og familien heime. Det er eit lagarbeid og det er difor vi vann denne kåringa. Og familien min, dei har ofra mykje, dei første åra var eg veldig lite heime, fortel Mork.

Så bankar det på kontordøra.

Ikkje overraska

Det er regiondirektør Byttingsvik som kjem, han har køyrt frå Molde og har med seg ei stor marsipankake med teksta «Til vinnerlaget, gratulerer med Årets butikk.»

– For meg var det ikkje overraskande at Ulsteinvik vann. Det er fantastisk bra standard på butikken! Jonny er bygdas mann og det er god atmosfære her. Eg har faktisk lyst til å ta av meg skorne før eg går inn i butikken, for det er så reint og fint her, seier Byttingsvik.

– Det som er sikkert, er at vi som jobbar her skal finne på noko kjekt for å feire prisen, seier Jonny Mork.