Feiringa i Eiksund starta med tog for alle saman frå Eiksund Grendahus, ned til den nedlagde ferjekaia, bortover riksvegen og opp til grendahuset igjen. Deretter var det leikar for born, pølser og is.

Russen kom innom og kasta karamellar til alle borna, før festen byrja inne på Eiksund grendahus. Der var det eit rikhaldig program, medan festlyden koste seg med herlege kaker og brennsnut.

Årets talar var Torfinn Støve Madsen. Han fortalde korleis det forandra livet hans å vere med på BandCamp i Eiksund for ni år sidan. Han er frå Volda, men denne langhelga i Eiksund sette varige spor i eit ungt gutesinn. Tidlegare hadde han berre spelt på guterommet, men no kom han ut og fekk spele og lage musikk i lag med andre likesinna. På BandCamp heldt han sin første konsert, og det var på Samlingshuset i Eiksund.

Då helga var over heldt han fram med å spele musikk i lag med andre ungdomar. Og då han flytta til Trondheim for å studere danna han band der, og dei har spelt på mange studentfestar.

Han slo eit slag for mangfald. Ikkje alle kan bli profesjonelle fotballspelarar eller rockestjerner, men det er likevel viktig at ein får halde på med ein hobby ein trivst med, det er det god folkehelse i. - Eg vart kanskje ikkje ei rockestjerne på BandCamp, men eg trur eg lærte noko om samspel, sa Madsen.

Han retta ein stor takk til Eiksund og BandCamp, langhelga som gav avkastningar i mange år.

Kulturelle innslag

Borna i Eiksund song tradisjonen tru frå scenen, "Tenk at no er dagen her", med stor iver.

Elise Sæter Hasund song ein nydeleg folketone frå Eiksund. Og Randi Janet Garnes Furseth og Arild Torvund Olsen song duett. I høve Vinje-jubileet hadde Olsen tonesett eit dikt av Aasmund Olavsson Vinje: "Vårkjenning".

Det var også bordkonkurranse. I år var det gjort ein liten vri på konkurransen. Tidlegare år har eiksundarane skulle kjent igjen stader i Eiksund, denne gongen skulle dei i staden kjenne igjen brotstykke av kjende logoar.