Sidan 1. oktober har Kari Brandal arbeidd 30 % for Ulstein Helsestasjon. Stillinga som klinisk ernæringsfysiolog er ei prosjektstilling dei har fått prosjektmidlar til ut 2018.

Tanken er at det er lettare og enklare å førebyggje enn å behandle. Ein ser ei utvikling der born et meir usunt og rører seg mindre, noko som kan føre til overvekt og livsstilssjukdomar.

Dette vil helsestasjonen motverke. Difor er Brandal tilsett for å informere og heve kompetansen til foreldre og vaksne som arbeider med barn.

Barnehagen er viktig

Barn oppheld seg ein stor del av dagen i barnehagen, og der et dei fleire måltid for dag. Difor er det viktig kva mat dei får i barnehagen.

Brandal har reist rundt i barnehagane i Ulstein og snakka med dei tilsette om ernæring. For å nå flest mogleg vil ho også informere på foreldremøte i barnehagane. Det er viktig at dei ulike aktørane drar i same retning.

– Kva er bodskapen din?

– Me må etablere gode vanar frå starten av, dei vil følgje deg resten av livet, svarer Brandal.

Dei vanane du gir born dine er viktige for å kva dei ser på som normalen og vidarefører til eigne born igjen når dei blir vaksne. Ho har vore inne i barselgruppene og snakka til foreldra til ni månader gamle babyar. Alt der startar det.

Mat er ikkje farleg

Kari Brandal meiner at eit sunt kosthald ikkje er noko hokuspokus. Norske kosthaldsråd har endra seg minimalt sidan 50-60-talet.

Sidan me et så mykje brød i Noreg, er det viktig kva slags brød du et. Vel grovt brød. Vatn er den beste tørstedrikken. Og pass på at borna får i seg nok vitamin D og jarn. Gje borna tran og feit fisk.

Dei siste åra har det vore ein del fokus på at det er mykje sukker i yoghurt. Men ein yoghurt for dag går bra.

– Sukker er ikkje farleg. Men det bidreg heller ikkje til noko positivt. Det inneheld tomme kaloriar. Ein skal ikkje lære borna at mat er farleg.

Det gode måltidet

Måltidet er ein viktig læringsarena. Her lærer borna seg å ta omsyn til kvarandre. I barnehagen lærer dei seg å sitje fint og vente på tur. Der smaker dei også på ny mat.

Heime kan ein slite litt meir. men Brandal minner om at det er foreldra som har ansvaret. Ho meiner det er viktig at borna får passelege porsjonar. og mat skal ikkje brukast som straff eller belønning.

Oppmuntrar ikkje til stjerneforma brødskiver

Brandal er ingen tilhengar av denne trenden der matpakkane til borna ser ut som små kunstverk.

Ho viser journalisten eit foto av ein matpakke der maten er forma som Tigergutt.

– Skulle eg laga slike matpakker ville eg ikkje kome meg ut døra om morgonen, seier ho.

Matpakken treng ikkje sjå så fancy ut. Det som er viktig er at han inneheld næringsstoffane som borna treng, og blir eten.

Individuelle samtalar

Det er ikkje vanleg at helsestasjonar kan tilby ein klinisk ernæringsfysiolog. Vanlegvis arbeider denne yrkesgruppa på sjukehus. Dette tilbodet gjer at born som treng det kan sleppe til på helsestasjonen i Ulstein, i staden for å dra på sjukehuset. Brandal tar i mot born og unge til individuelle samtalar etter tilvising frå helsesøster.