Med inntoget til appar som utsalsstadar kan nytte til å tilby overskotsmat, som til dømes «Too Good To Go», har matsvinnet gått drastisk ned hos fleire. Det er estimert at nordmenn, både private og næringsdrivande, kastar til saman 355.000 tonn god og eteleg mat i året. Eller 42,2 kilo per snute, om du vil. Eit fortvilande reknestykke om ein ser dette i lys av at 1 av 7 menneske i verda svelt. Fokuset på matsvinn og ei meir berekraftig og ansvarleg forvalting av matressursane er difor heilt sentralt for å nå FN sitt berekraftsmål om ein slutt på global svolt innan 2030.

Forholda i verda kan ikkje «Too Good To Go» vere åleine om å betre, men i Norge blir rundt 3.000 måltid redda frå søpla kvar einaste dag gjennom appen. Sidan lanseringa i januar 2016 har over éin million måltid blitt redda ved hjelp av nokre tastetrykk.

Gründer og dagleg leiar i «Too Good To Go» trekk fram utsalsstadane i Ulsteinvik som nyttar appen som gode eksempel på at konseptet fungerer godt. I Ulsteinvik er Valaker Blåhuset, Braud og Bollur, Kaffebaren, KR Catering og Quality Hotel Ulstein med på ordninga, og dei tre på topp – dei tre første av desse, har redda høvesvis 2.602, 1.745 og 862 porsjonar mat sidan dei blei med.

– Det er utruleg imponerande å sjå kor mykje mat som blir redda i ein liten by som Ulsteinvik. De er rå på å redde mat, seier Sophie Wiik til Vikebladet Vestposten.

– Eg meiner dette er ei fantastisk bra ordning. Vi er godt nøgde, og ser at vi nesten ikkje har svinn, seier dagleg leiar ved Blåhuset Valaker, Lisbeth Notø.

– Det er rett og slett eit kjempebra konsept. Eg håper mange fleire, også her i Ulsteinvik, blir med på dette, seier dagleg leiar og eigar av Kaffebaren, Linn Wingsternes.

Ein suksess

Liv Valaker, dagleg leiar i Valaker-kjeda, som eig både Valaker Blåhuset og Braud og Bollur på Amfi-senteret i Ulsteinvik, er godt nøgd med dei gode orda frå «Too Good To Go»-gründeren.

– Vi var jo ganske tidleg ute, blant dei første i Møre og Romsdal. Eg hugsar eg las om dette konseptet i ei eller anna nettavis og tok kontakt med dei direkte. Vi fekk presentert kva dei står for, og var så nøgde at vi hoppa i det med alle butikkane våre med ein gong, for å gjere det enklare for oss. Det har verkeleg vore ein suksess. Eg og alle i Valaker er veldig opptekne av å redusere matsvinnet, både på produksjonsanlegget vårt men også ute i butikkane, seier Liv Valaker til Vikebladet Vestposten.

Ho meiner det er altfor mykje mat som blir kasta i dagens samfunn.

– Vi gjer jo også dette for at det skal fengje litt ekstra for sunnmøringar generelt då, seier ho og flirer.

– Nei da. For å vere på den seriøse sida så har vi mellom anna fokus på å tilby posar med rikeleg innhald i, slik at dei som nyttar appen føler dei gjer ein god handel på mat som elles ville blitt sendt vekk. Eg var faktisk i Oslo i sommar under Norway Cup, og tenkte eg skulle teste ut «Too Good To Go» der, men i hovudstaden var dei meir knipne på kor mykje dei la i posane. Vi ser at dette er ei populær ordning hos oss, då posane med gårsdagens bakst som regel er utselde lenge før lunsj, seier Valaker, som også fortel at det som blir til overs frå matbutikkane dei leverer til, blir henta att av Valaker, for så å bli seld til ein dyrematprodusent i Brumunddal som gjer det til dyrefôr.

– Så å seie ingenting blir kasta hos oss, seier Valaker.

Nesten ikkje svinn: Dagleg leiar og eigar av Kaffebaren, Linn Wingsternes, meiner «Too Good To Go» fungerer svært godt, og fortel at dei nesten ikkje har svinn i det heile som følgje av det. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll
Nest best: Braud og Bollur på Amfi-senteret i Ulsteinvik kom nest best ut i talet på matporsjonar dei har redda frå å bli ein del av svinnstatistikken. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll