Etter salet av Aktivitetshuset Vikholmen har Ulstein kommune nokre kroner dei ønskjer å dele ut til lag og organisasjonar heimehøyrande i Ulstein kommune. Det kan vere idrettslag, grendelag og foreiningar/organisasjonar innan kulturområdet.

Det kan søkjast på nye fysiske tiltak og investeringar, og kulturarrangement med brei appell. Det kan vere nærmiljøanlegg, turløyper, leikeplass, konsertar, større jubileumsarrangement og liknande.

Levekårsutvalet kan velje om dei vil dele ut pengane over eit år (523 230 kroner) eller over to år (261 615 kroner kvart år).

Søknadsfristen for å søkje om slike pengar er 15. oktober 2018. Søknaden skal sendast til kulturkontoret, så vil Levekårsutvalet handsame søknadene i november. Dei vil prioritere prosjekt med brei appell og positive ringverknader for å ei større gruppe.

Utbetaling av pengane skjer etter at tiltaket/arrangementet er gjennomført i samsvar med søknaden, med dokumentasjon.