Bransjeorganisasjonen meiner verftsindustrien har kome seg rakrygga ut av ein situasjon der dei nesten låg nede med knekt rygg. Det skriv Norske Skipsverft i ei pressemelding.

– Vi er optimistar for åra som kjem. Det grøne skiftet er betydeleg innanfor alle segment og det betyr fleire oppdrag for norske verft, som er leiande på innovasjon og miljøteknologi, seier administrerande direktør i Norske Skipsverft, Asle B. Strønen.

Den norske verftsnæringa har for tida 100 store byggjekontraktar i ordrebøkene, og i inneverande år blir det jobba med 39 av desse, til ein samla verdi på over 20 milliardar kroner.

Strønen og kollegaene hans i Norske Skipsverft rosar verftsnæringa for omstillingsevna, men vil også spesielt trekke fram fiskebåtreiarlaga.

– Fiskebåtreiarane har tatt store steg for miljøvenlege løysingar allereie. Dei driv teknologien og innovasjonen framover, seier Asle B. Strønen.