Foreldra til Tore, Ole og Kirsten Øyehol, dreiv Øyehols lenestolfabrikk. Øvst på fabrikken trona leilegheita til familien Øyehol. Men då Tore minstemann var 14 år, flytta familien til nybygd hus i Håbakkane, og leilegheita i sjøkanten vart ståande tom. Og for nokre år sidan vart heile fabrikken riven. – Men draumen om å få bu her på nytt har lege der heile tida, fortel Tore. Saman med broren Ole Kristian tok han kontakt med arkitekt Magne Bergseth, og resultatet har blitt Øyehol Brygge, med 17 leilegheiter, felles garasjeanlegg i kjellaren, trimrom til bruk for alle, og moloanlegg rett utanfor stovedøra. Tore, kona Anita og sonen Ole Martin flytta inn 1. oktober, og alle tre er storleg nøgde. – Vi bur rett i sjøkanten og har full kontroll både på Sulesundferjene og snøggbåten. Fjorden og Sunnmørsalpane kjem nesten inn gjennom stovevindauga våre, kommenterer Tore Øyehol. Moloen med to armar vart laga ferdig tidlegare i år, og til våren skal det også bli skikk på båtplassane – og boltreplass for badenymfer. Øyehol Brygge ligg berre ein tre minutts spasertur frå snøggbåtkaia og Sulesundferjene, og passar dermed godt for dei som pendlar til Ålesund og Sula. Bygget har fire etasjar, med penthouse på toppen for leilegheitene i 3. etasje. På toppen er det også eit fellesområde på ca. 200 kvadratmeter. Dei 17 leilegheitene har fasade og terrasse mot sjøen.

Moderne

Tussa har lagt fiberoptisk kabel i bygget, og dermed er det såre enkelt å få internett, telefon og TV-kanalar til alle leilegheitene. – Det fungerer veldig bra. Det er berre å plugge kabelen i veggen, så har du tilgang på kanalane, fortel Tore Øyehol. Bygget blir oppvarma med elektrisitet og gass. Ein stor gasstank er grave ned i grunnen på utsida, og dermed har leilegheitene gasspeis. Nokre har også gass på komfyrane sine. Alle leilegheitene har teljeapparat som syner kor mykje gass dei brukar, og har også høve til å knyte seg til gassgrill på terrassen. Dei fleste leilegheitene er på ca. 130 kvadratmeter, og fire er ledige. No gler Tore Øyehol seg til sommaren. For han ser at sonen Ole Martin likar seg godt i fjørekanten. Då skal far og son stikke flyndre og setje hummar og krabbeteiner, akkurat slik han sjølv gjorde det i barndomen – med godt fangst også – hevdar han.

Tore Øyehol på terrassen. Han gler seg til sommaren. Då skal det bli bading og flyndrestikking ved moloen.
Ole Martin Øyehol (10) likar seg godt i den nye leilegheita.
Alle leilegheitene har gasspeis.
Arkitekten bak Øyehol Brygge er Magne Bergseth.