Politiet gjorde i dag eit alkoholbeslag på 140 liter øl og 30 liter sprit på ein arbeidshybel ved Kleven Verft i Ulsteinvik. Til smp.no seier lensmann i Ulstein, Per Otto Myklebust, at det var Kleven Verft sjølv som tok kontakt med politiet etter ein inspeksjon.

Arbeiderane skal ha hevda at alkoholen var til personleg bruk.

Politiet håpar på å få avgjere saka allereie så tidleg som tysdag.