Fylkesstyret i Møre og Romsdal Unge Venstre kjem til Ulsteinvik måndag for å starte lokallag. F.v. fylkesleiar Steffen Falkevik, Silje Amundsen og Fredrik Giske. Foto: pressefoto

Måndag 11. oktober kjem Unge Venstre til Ulstein og skal ha vervekampanje. Det er frå før ungdomar i Ulsteinvik og omegn som er engasjert i Unge Venstre, så no håpar fylkesleiaren dei greier å etablere eit lokallag.

Dagen byrjar med eit skulebesøk i Volda, før dei dreg vidare til Ulstein vgs. Fylkesleiaren ser ikkje vekk ifrå at dei rekk ein tur innom Herøy òg. Dei to representantane frå Unge Venstre vil dele ut informasjon om politkken til ungdomsorganisasjonen og haustkampanjen deira "Born to be Wild".

På ettermiddagen blir det møte på Ulstein rådhus der dei oppmodar engasjerte ungdomar til å møte.

Steffen Falkevik meiner det er viktig at ungdom engasjerer seg.

– Ein får resultat når ein kjempar for noko ein trur på, anten ein sit i fleirtalskonstelasjonar eller ikkje. Me ser gong på gong at interessegrupper som er engasjert i ei sak, vinn fram i lokalpolitikken, seier Steffen Falkevik.