Med færre store oljefunn, og med meir petroleumsleiting på djupt vatn, er det venta ein sterk vekst innan djupvassinstallasjn frå 2008/09. Per Ingeberg, administrerande direktør i Odim Alitec, har vore ansvarleg for marknads- og teknologiutviklinga av Odim CTCU. Han forklarer at denne teknologien gjer det mogleg å handtere fibertau i staden for stålwire under installasjonsarbeid på stor havdjup. Noko som gir store fordeler med omsyn til vekt, blant anna fordi det kan nyttast mindre og rimelegare skip. Avtalen opnar i tillegg for levering av Odim CTCU til Aker Oilfiels Service sitt nybyggingsprogram på ytterlegare fem skip. Avtalen sikrar først og fremst Odim fullfinansiering av bygg og testing av systemet. Dette vil sikre aktørar med krevjande prosjekt på djupe vatn installering av konstruksjonar på opp til 250 tonn. Systemet skal leverast i april 2009. Avtalen på leveringa av systemet er ein del av eit felles industriprosjekt, støtta av Demo 2000, eit program under Norges forskningsråd for prosjektretta teknologiutvikling i petroleumsverksemd som har vist seg å vere eit viktig verkemiddel for å utløyse denne type prosjekt. I tillegg er Shell og Statoil også med på prosjektet. Handteringssystemet til Odim på djupt vatn gir Aker Oilfiels Service betre effektivitet i operasjonane sine, og det høver godt inn i den offensive strategien til selskapet. Med den stadig aukande etterspørselen etter djupvassteknologi, er dette prosjektet perfekt timing for oss, kommenterer konsernsjef Jogeir Romestrand i Odim. Med 250-tonns løftekran tek vi med oss CTCU-teknologien opp eit hakk, og inn i ein marknad der potensialet er stort både på kort og lang sikt. Installasjonsmarknaden spør no etter system som er i stand til å installere modular med ei vekt på opp til 250 tonn på havdjup over 1500 meter, og då er Odim CTCU den beste tilgjengelege løysinga, meiner Ingeberg.