Marita Bett Jensen ved sida av bildet som vart selt umiddelbart etter opningsseremonien. Foto: Leiv Arne Grimstad

Det var i alle fall påstanden til kunstlagsleiar Inga Ishild Hareide då ho presenterte stemneutstillaren. Tittelen på utstillinga - Ups and Downs (Opp- og nedturar) - får dermed ei dobbel tyding. Hovudtydinga, slik vi forstod både kunstlagsleiaren og kunstnaren, er at bilda er arbeidde fram gjennom prosessar som hadde vore fulle av opp- og nedturar. Kunstnaren hadde kanskje vore fornøgd med bildet om kvelden. Men når ho såg det med nye auge morgonen etter, var meininga så å seie snudd opp ned - og ho måtte arbeide vidare på ein ny opptur - til det det heile forhåpentlegvis enda med eit “Der sat det!”

Det er første gongen Marita, som er 34 år, har ei gjennomført abstrakt utstilling.

- Bilda forestiller ingen ting. Her er ingen symbol å tolke, ingen landskap - i så fall det indre landskapet, sa kunstlagsleiaren og bad dei frammøtte om å berre finne glede i fargane og formene.

Umiddelbart etter at utstillinga opna selde kunstnaren eitt av bilda sine. Utstillinga er open på kveldstid til og med søndag 24. oktober.

Utstillaren har sett prisen 10.000,- på alle dei ti bilda.

Under opningsseansen underheldt Nadia Demirova, Astrid Dagestad og Peter Demirov med vakre klassiske musikknummer. Publikum fekk høyre eit stykke av Fredrick Kuhlaus og Vivaldis "Largo" for to fiolinar.