Det dreier seg om ein flåte samansett av norske farty og ein styrke mineryddarar frå NATO. Kystvaktfartyet KV Andenes deltek også i øvinga som kommandofarty. Flåten kjem frå Bergen, der han har lege i helga, og målet er Bodø. Styrken skal delta i vinterøvinga Norwegian TaskGroup (Nor-TG) i mars saman med resten av den norske mineryddarflåten. Seinare skal delar av styrken til Nederland og Belgia, der dei skal gjennomføre skarpe mineryddaraksjonar på leiting etter miner frå Andre verdskrigen. Er det noko som fangar flåtestyrken med kamera, så send gjerne eit bilde eller to til avisa, vikebladet.no.