FRDS er basert på djupvassteknologien "Odim CTCU", som i følgje den utsende pressemeldinga er unik. Avgjerda i Subsea 7 om å løyse inn ein opsjon på å kjøpe dette systemet kjem etter ein vellykka installasjon av undervassmodular på Independence Hub-feltet i Mexicogolfen. Selskapet har i løpet prosjektet sett verdsrekord i djupvassinstallasjon med 2.500 meter. - Når Subsea 7 kjøper dette første djupvassystemet frå oss, ser vi på det som eit uttrykk for tillit til Odim CTCU-teknologien, og eit tydeleg teikn på at løysinga vil spele ei viktig rolle i framtidig utvikling av felt på djupt vatn, seier konsernsjef Jogeir Romestrand i Odim. Kontrakten har ein totalverdi på om lag 18,5 millionar kroner, medrekna tidlegare leigeinntekter, service og sal av reservedelar. Odim gjorde avtale med Subsea 7 i januar 2006 om å leige ut den første FRDS-en basert på Odim CTCU-teknologi. Som ein del av leigeavtalen hadde Subsea 7 ein opsjon på å kjøpe utstyret etter seks månader. Når prosjektet i Mexicogolfen no er i ferd med å bli fullført, har selskapet altså løyst inn opsjonen og kjøper djupvass-installasjonssystemet. Kjøpsavtalen trer i kraft 1. mars. FRDS-en har ein lyftekapasitet på 50 tonn, og Odim har fått gode tilbakemeldingar frå Subsea 7 om ytinga til systemet. Alle av dei snart 100 installasjonane som var planlagde på djup ned til 2.500 meter har blitt gjennomførste på ein vellykka måte ved hjelp av den omtalte Odim-systemet. Dette er konstruksjons- og installasjonsarbeid som til dømes nedsenking av fundament for ventilblokker og såkalla navlestrenger, i tillegg til nedsenking og kopling av navlestrenger og rør.