I samarbeidet med Grønn Hverdag tilbyr Reinhaldsverket kurs i heimekompostering. I denne omgang blir det kurs på personalrommet til Søre Sunnmøre Reinhaldsverk i Saunesmarka. Kurshaldar er Mari Melbø Rødstøl frå Grønn Hverdag. Ho arbeider til dagleg i Åndalsnes og blir rekna for å vere ein dyktig kurshaldar som sit på særs god fagkunnskap. Til no har motivasjonen for å kompostere sitt eige avfall vore å få god jord til hagen eller eit ønske om å spare miljøet. No har Reinhaldsverket ein plan om å nytte innføringa av dunkar for å auke motivasjonen i heimane til å drive heimekompostering. Ved innføringa av dunkar i staden for sekker tenkjer SSR å gå over til ei ordninga der prisen blir regulert etter vekta abonnentane leverer med bos. For kvar kilo folk sorterer ut av restavfallet sitt, og i staden komposterer, vil dei spare pengar. Peder Arne Almedal, dagleg leiar i SSR, ser ikkje føre seg at Reinhaldsverket vil tilby komposteringsutstyr sjølve. Slikt utstyr kan folk enkelt få kjøpt andre stader i lokalmiljøet. Men dei vil tilby kurs for å få opp kunnskapen mellom folk om kompostering. Sjølv om det kan koste litt å kjøpe inn komposteringsutstyr, håper han fleire enn i dag finn kompostering interessant. Særleg når dei med tida kan tene på det økonomisk. Mari Melbø Rødstøl skal ha same kurset i Fosnavågen kvelden etter ho har vore i Ulstein. Hareid og Sande vil få eigne kurs seinare. Grunnen til at dei må vente er at kurshaldaren ikkje hadde kapasitet i denne omgang. Komposteringskurset tek to timar og er gratis.