Hasund skule har vore plaga med liten plass på fleire område over lengre tid. Nye gruppe- og klasserom vart mellombels løyst for ti år sidan med at skulen fekk ein paviljong. Paviljongen står der framleis, samstundes som skulen treng fleire rom. For å betre personal- og arbeidsromma for dei tilsette har det vore arbeidd med planar i fleire år. Våren 2006 vart konkrete planar om ombygging lyst ut på anbod. Men då var kostnadene så høge i høve til nytt areal, at det i juni same år vart tilrådd at planane vart lagde vekk. Hausten 2006 vart planarbeidet ved skulen teke opp att. Ut ifrå politiske signal, mellom anna frå eit formannskapsmøte i desember, vart det lagt til grunn at utbyggingsprosjektet i tillegg til personal- og arbeidsrom, skulle omfatte permanente klasse- og grupperom. Den nye løysinga skulle erstatte paviljongen.

Ny fløy

Planane omfattar ei ny fløy i to etasjar mot nord og delvis ombygging og tilbygging i eit mellombygg. På dette viset aukar arealet noko utan paviljongen, samstundes som dei greier mindre og enklare ombygging av eksisterande bygg, går det fram i dei kommunale papira. Samla golvflate for nybygget er 676 kvm BRA. Samla golvflate for det som skal ombyggast er 220 kvm BRA. Planane skal vere utarbeidd av Conplan AS i nært samarbeid med dei tilsette ved skulen, foreldregruppa og personell frå Oppvekst- og kulturkontoret. Prosjektet er førebels ikkje byggmeldt eller godkjent av arbeidstilsynet. I desse prosessane kan det kome fram endringar som fører til at utbygginga kostar meir enn ho ser ut til no.

Byggjestart oktober

Utbygginga er planlagt å ta 360 dagar med byggjestart i veke 40, det vil seie første veka i oktober.

Prisen

Saka skal opp i Ulstein formannskap tysdag 21. august før ho går vidare til kommunestyret torsdag 30. august. Rådmannen rår kommunestyret til å godkjenne utbygging og ombygging av Hasund skule i samsvar med dei framlagde planane innafor ei kostnadsramme på 16,2 millionar kroner, inkludert mva. Tilleggsfinansieringa på 10,5 mill kroner skal dekkast med låneopptak. Kostnadene til auka husleige og anna drift skal innarbeidast i økonomiplanen ved komande rullering (2008-2011). Rådmannen får fullmakt til å setje i verk utbygginga så snart alle formalitetane er ordna, foreslår han.