Med mobilt utstyr for steinknusing går firmaet Tunnelteknikk AS over taket i tunnelen og fjernar ujamnheiter, slik at taket vert minst 4,2 meter høgt i heile breidda av vegbana. Bakgrunnen for utbetringa er sterke oppmodingar både frå yrkessjåførar, ordførar og lensmann om å tryggje tunnelen. I samband med arbeidet er fartsgrensa sett ned til 50 km/t, og tunnelen er periodevis stengd for trafikk. Betre belysning ser det imidlertid ut til at bilistane må vente på i fylgje distriktvegsjef Håvard Parr Dimmen. det er det ikkje pengar til på budsjettet for inneverande periode, skriv Vestlandsnytt.