Helge Ristesund, assisterande direktør i Helse Sunnmøre, avviser at Ulstein kommune er nokon versting mellom kommunane på Søre Sunnmøre. Tvert i mot. Ulstein kommune er ein kommune som utmerkjer seg i positiv lei, seier Ristesund. Kommunane er pliktige til å ta i mot ferdigbehandla pasientar frå sjukehusa. Om ventetida overstig ti dagar, må kommunen refundere pengar til Helse Sunnmøre. Taksten er 1600 kr for kvart døgn utover ti døgn.