Ein trailer har køyrd seg fast rett utanfor Kvalnestunnelen i Ulstein.

Politiet fekk melding om traileren klokka 18:30 i kveld. Angiveleg skal sjåføren ha køyrd utfor vegen i eit forsøk på å snu.

Politiet har no ei patrulje på staden som dirigerer trafikken medan dei ventar på bergingsbil.

Politiet dirigerer no trafikken medan dei ventar på bergingsbil.