Då kommunebudsjettet var oppe til handsaming i formannskapet denne veka, hadde politikarane alt drøfta budsjettet på to tidlegare møte. Så no var dei samde om kva som var viktig å prioritere. Ordførar Hannelore Måseide har vore sjukmeld medan denne prosessen har gått føre seg. No er ho tilbake, så ho fekk ei kort innføring av varaordførar Olav Sæter (KrF) og dei andre i formannskapet om kva dei har diskutert. Fleire uttrykte glede over å få vere politikar i ein kommune der skatteinngangen er så god, så dei har pengar å bruke på gode tiltak. Sjølv om formannskapet meinte rådmannen la opp til eit ekspansivt budsjett, valde dei likevel å plusse på ein ekstra million. Men Ivar Mork (Ap) meinte denne ekstra millionen berre er kosmetisk. Dei har kutta ein million av uspesifiserte innsparingstiltak. Endringane Formannskapet har ikkje berre brukt meir pengar, det er òg noko dei ikkje vil bruke meir midlar på. Dei går ikkje inn for å auke stillinga til barnehagekonsulenten (100.000 kr). Dei vil heller ikkje bruke 550.000 kroner på utvida grunnskule for einskildelevar. Dei vil frigjere 24.000 kroner i husleige for e-verkbygget. Resten vil dei tære på disposisjonsfondet. Ramma til lag og organisasjonar (NAV) vil dei auke med 20.000 kr. Dei vil styrke rammetimetalet i grunnskulen med ei stilling (250.000 kroner). I 2010 vil dei investere 100.000 kr i fjernvarme. Og 90.000 kr til fast dekke. Verbalpunkt Sjølv om ordføraren verka noko skeptisk til å vedta verbalpunkt, vedtok formannskapet ei liste med sju slike punkt. Ulstein kommunestyre skal revidere budsjettet og økonomiplanen på møtet i juni. Formannskapet går inn for at kommunestyret godkjenner at Ulstein kino tek opp eit lån til innkjøp av 3D-utstyr til kinoen. Vidar ber dei teknisk utval finne plass innan eigne budsjettrammer til veglys med 100.000 kroner i 2010 og 100.000 kroner i 2011. Sal av skular Sal/overføring av Flø, Dimna og Eiksund skular skal avklarast i løpet av første halvår i 2010, slik at ei eventuell styrking av budsjettet kan skje ved budsjettrevisjonen. Det var òg eit verbalpunkt om at kommunen skal lage ei levekårsgransking på born og unge sine oppvekstvilkår. Planen skal leggjast fram for kommunestyret i juni. Til kommunestyret Det er Ulstein kommunestyre som gjer endeleg vedtak om kommunebudsjettet og økonomiplanen. Det skal dei gjere når dei er samla til møte torsdag 21. januar.