Klokka 01.25 natt til laurdag fekk politiet melding frå ei vakt ved ein utestad i Fosnavåg om at ein rusa person hadde klatra opp på taket. Dei var redde for at han skulle falle ned. Men då politiet kom fram til staden hadde mannen kome seg ned frå taket ved eiga hjelp, utan å skade seg.

Litt seinare, klokka 02.10 var det igjen eit varsel frå Herøy. Denne gongen gjekk meldinga ut på at ein rusa russ gjekk rundt og velta blomsterkrukker utanfor Cash & Carry på Eggesbønes. Politiet hadde ikkje kapasitet til å møte opp.

Litt før på natta, klokka 01.20 var det kome telefon frå Hareid Hotel om at ein rusa person laga uhygge. Då politiet kom til staden hadde mannen roa seg ned, og politiet køyrde han heim. Ved Operasjonssentralen opplyser dei at dersom hotellet ikkje melder mannen, kjem politiet til å opprette ei sak om ordensforstyrring på han.

I løpet av natt til laurdag var ei politipatrulje også rundt om i Herøy og leitte etter ein bil med ei namngitt sjåfør. Tipset gjekk ut på at han køyrde rundt med promille. Men politiet fann verken mannen eller bilen.