I siste møte i nærings- og miljøutvalet i Hareid stilte Stian Runne Brandal spørsmål vedkomande sildoljefabrikken i Brandal:

– Er der ein plan med alt skrotet som ligg rundt om på plassen? Der ligg også att mykje utstyr frå Branco, og det ser ikkje spesielt innbydande ut.

Runne Brandal sette fram eit ønskje om at grunneigarane fekk krav på seg om å rydde opp. I tillegg ville han sikre vegen ovanfor slik at folk ikkje risikerte å ramle utfor skråninga der.