Naudetatane er tysdag ettermiddag varsla om brann i ein bustad i Eiksund. Naudetatane er på veg til staden. Det skal ikkje vere personar i bustaden, skriv politiet på Twitter.

Ifølgje 110-sentralen i Møre og Romsdal er det kraftig røykutvikling på staden, og det blir sett inn røykdykkarar. Herøy brannvesen er på veg til staden med tankbil.

Vår journalist på staden melder at det kjem store mengder tjukk og svart røyk frå bustaden. Det blir henta inn ekstra brannmannskapar frå Herøy brannvesen. Det blir også rekvirert RVR (restverdiredning) frå Ålesund brannvesen.

- Eit brannmannskap på rundt 20 er involvert. Vi har framleis ikkje kontroll, fortel 110-operatør Per Ola Vestre til Sunnmørsposten.

Til avisa seier han at det ikkje er synlege flammar, men høge temperaturar i bygningen. Det er tre røykdykkarlag inne i bustaden.

Nrk Møre og Romsdal får opplyst frå 110-sentralen at brannvesenet skal ha kontroll over det meste av synlege flammar i bustaden. Dei byrjar dermed å få kontroll over brannen og det blir sett i verk ettersløkking i bustaden.

Naudetatane er på plass i Eiksund. Foto: Ingvild Aursøy Måseide.