Politiet på Sunnmøre gjennomførte onsdag ettermiddag ein trafikkontroll i Ulstein kommune. Der vart det delt ut til saman åtte forenkla førelegg.
Seks av dei var for mobilbruk, medan politiet no også har byrja å dele ut førelegg for køyring med piggdekk.
- Det er ei stund sidan siste snøfall, skriv politiet på twitter.