I det første inntaket er det nesten berre søkjarar med ungdomsrett som har fått tilbod. Fristen for elevane å svare på førsteinntaket er 14. juli.

193 av ungdomsrettssøkjarane til skuleplass på VG1 står framleis utan tilbod. Dette er om lag som dei siste åra.

- Av erfaring veit vi at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn når andreinntaket blir kjørt rundt 8. august. Ved andreinntaket vil vi også ta inn vaksne søkjarar til ledige plassar, samstundes vil vi passe på at alle ungdomsrettssøkjarane får plass før skolestart, seier konstituert fylkesutdanningssjef Rune Solenes Opstad.

Mange på venteliste

- Til VG1 er det ved enkelte skular mange på venteliste til elektrofag og idrettsfag. I tillegg har 567 med ungdomsrett fått tilbod om læreplass. Dette er om lag på same nivå som i fjor, seier Opstad vidare.

Møre og Romsdal fylkeskommune har køyrd prosjekt lærebedrift denne våren og sommaren, for mellom anna å kompensere for lågkonjunkturen innanfor enkelte bransjar.

- Denne satsinga ser ut til å ha lukkast så langt. For søkjarane til fagopplæring held formidlinga fram til 1. november, avsluttar Opstad.