Teknisk utval i Ulstein kommune vedtok samrøystes å la Ulshav AS byggje om. Dei gjev dispensasjon frå kravet om maksimal gesimshøgd på 8 meter, så dei får byggje om til ei gesimshøgd på ni meter.

Delar av bygningsarealet for eigedomene skal kunne nyttast til rehabilitering/treningsføremål og kurs- og konferanseverksemd.

Godkjenninga blir gjort med bakgrunn i at etablering av klatrevegg med meir i bygget er knytt til den eksisterande verksemda (rehabiliterings-/treningsføremål og kurs- og konferanseverksemd) og ikkje til allment treningssenter.