I førre nummer av Vikebladet Vestposten føreslo Pål Grødahl, på vegner av Ulstein Venstre, å redusere møtegodtgjerslene til politikarane med 30 prosent. Pengane skulle heller gå til skule.

Dette er ikkje ei innsparing Ulstein Arbeidarparti eller Ulstein Framstegsparti vil helse velkomen.

- Det første ein populist vil gjere er å kutte i pengar til politikarane. Eg opplever utspelet til Grødahl som populistisk, er meldinga frå Magne Grimstad jr. i Ulstein Arbeidarparti.

I Framstegspartiet er dei ikkje heilt avvisande til forslaget, men synest 30 prosent er mykje.

Les heile saka i dagens papirutgåve av Vikebladet Vestposten.

Varaordførar Knut Erik Engh (Frp) er skeptisk til kuttforslaget, men ikkje heilt avvisande.