Med eigenproduserte portrettintervju,og med løyve til å nytte klipp frå både NRK, Hødd-TV og privatfolk, kjem Fantastiske Osberget frå Ulsteinvik med lovnadar om at Hødd-DVDen vert årets beste julegåve.

Sjølv om DVDen skal i butikkhyllene 20. desember, har Osberget allereie greid å publisere ein smakebit av innhaldet på DVDen. Og denne kan du sjå i toppen av denne saka.

- Folkens, gled dokke...

Også dagleg leiar Åge Grimstad i Fantastiske Osberget ser forventningsfullt fram til DVD-sleppen torsdag.

- Du får sjå heile kampen filma av NRK, unike opptak som publikum har sendt inn, hovudfilmen "Liten, men stor" med intervju av mellom andre Hødd-trenar Lars Arne Nilsen, keeper Ørjan Håskjold Nyland, tidlegare Hødd-spelar Kjetil Hasund, Evy Anne Dimmen Sundal, sportssjef Andre Nevstad i Hødd, Fredrik Steen, Linda Heltne og ikkje minst A-lagspelar Andreas Rekdal, som avgjorde det heile med det siste straffesparket. I tilegg får du blant anna omtale av kampen mellom Hødd og Brann. Folkens, gled dokke til tidenes DVD, strålar Grimstad til slutt i ein kommentar.

Andreas Rekdal er ein av dei som stiller til portrettintervju i Hødd-DVDen. Foto: Fantastiske Osberget (skjermdump)