Stemmetalet vart 13-8. Venstre, AP, KrF og Bjørn Overå frå Folkelista stemte for eigedomsskatt.

Utanom Øyvind Grimstad (FrP), som sa at kommunen ville klare fint å å ordne dei økonomiske problema utan eigedomsskatt, var det berre tilhengarar av eigedomsskatt som melde seg på talarlista. På rekke og rad  foreslo Lars Erling Hovlid Bjåstad (V), Siv-Marit Røyset Kaldhol (AP) og Marit Øien Sæverud (KrF) eigedomsskatt på boligar for å få kommunen i økonomisk balanse.

Venstre ville avgrense ordninga til fem år.

Men då det kom til røysting vart det tause fleirtalet i klart fleirtal.