Gunda Djupvik er ivrig heimekokk, har fast matspalte i Sunnmørsposten og skriv om mat, parfyme og kjærleik i den populære bloggen www.altgodt.no. Gunda er frå Leikong, er utdanna jurist og bur og arbeider no i Oslo.

Gunda har i år gitt ut boka "Sylting og safting heile året". I denne boka får du inspirasjon til å safte og sylte på gamle og nye måtar. Vi syltar med frukt og bær frå både hagen, butikken og skogen, og tilset krydder og utradisjonelle smakar.  Sylting og safting kan også gjerast i små porsjonar, og når som helst på året. Boka er derfor delt inn etter årstider og ulik tilgang på ingrediensar. Du kan lage appelsinmarmelade til jul og gyllen nektarinmarmelade midt på sommaren, eller fiken i konjakk, løkmarmelade, chutney og nøttekompott– når som helst.

På  Sandemessa vil ho signere den nye boka si på standen til Eiken Libris. Deretter tek ho ei ykt på skulekjøkenet og "kokkelerar og inspirerar". I boka Smalhans (2011) viste ho at det er mogleg å lage god mat på eit lite budsjett. I år vil ho nok kome med gode argument for å endre på det tradisjonelle med safting og sylting i "store opplag" om hausten. Kvifor ikkje gjere slikt ein ettermiddag i adventstida ?

Styret i Sandemessa har fått tilsendt ei lita handleliste.............