– Vi ser verken småpir eller makrell. Det er heilt fritt for makrellen og ingen har fått ein einaste fisk. Det er berre båtar inne i fjøra som har fått fangstar, så det er berre å gå til land, seier dorgefiskar Robert Madsen til Fiskeribladet Fiskaren.

Han trur elektromagnetiske strålar frå seismikkaktivitet i området rundt Stadt skremmer bort fisken.

- Lite truleg at seismikk påverkar fisket

Skipet “Atlantic Wind” har ifølgje Fiskeribladet Fiskaren drive elektromagnetiske undersøkingar sørvest for Stadt den siste tida.

Fiskerikyndig Lars Johan Midtgård om bord i “Atlantic Wind” seier til Fiskeribladet Fiskaren at det er lite truleg at seismikkskipet har ein effekt på fisket.

Midgård seier at den elektromagnetiske kartlegginga dei driv med er noko heilt anna enn innsamling av 3D- eller 2D-seismikk, der det blir sendt trykkbølgjer mot havbotnen.

Dorgefiskar Robert Madsen står fast på at seismikken skadar fisken. Han hevdar at den elektromagnetiske kjelda er så sterk at ein kval døyr om han blir utsett for den.

- Kritikkverdig

Dagleg leiar Hilde Rødås Johnsen i Norges Kystfiskarlag Hilde Rødås Johnsen seier at det er kritikkverdig at det blir tillate petroleumsundersøkingar i same periode som dorgefisket går føre seg. Ho har tatt opp saka med Oljedirektoratet.

Fiskeridirektoratet i Bergen skriv i ei utsegn at dei ikkje vil rå ifrå seismikkundersøkingane. Dei meiner det er mogleg å gjennomføre dorgefisket og seismikkaktivitet samstundes om det blir vist aktsemd.