Landbrukskontoret melder at dei ved utgangen av september månad hadde fått inn fellingsrapportar på tilsaman 193 hjortar i dei tre kommunane Hareid, Ulstein og Herøy.

I Hareid er det felt flest dyr – 83 av eit samla løyve på 174.

Herøy og Ulstein ligg nesten likt. Herøy har notert 56 fellingar (av 128 løyve), medan Ulstein står med 54 fellingar av i alt 140 løyve.

I fjor kom Hareid ut med eit samla fellingstal på 141 dyr, medan Ulstein  hadde 93 og Herøy 77.

Kvotane i Ulstein og Herøy er dei same i år som i fjor, medan Hareid har lagt til 12 dyr og auka frå 162 til 174.

NB: Naturvernforbundet har gått ut med oppmoding om å auke trykket i hjortejakta fordi så mykje blåbærlyng gjekk ut sist vinter. - Hjortebestanden bør reduserast mykje fram til blåbærsituasjonen er meir normal igjen, har forbundet foreslått.

Så får utviklinga vidare utover hausten vise kva som blir det endelege resultatet. Hjortejakta pågår fram til jul.

Jegerane skal også melde inn dei hjorte-observasjonane dei elles gjer i eit spesielt register, men desse blir ikkje offentleggjorde før jakta er ferdig og innleveringsfristen på skjema er ute.