Påskeafta på Søre Sunnmøre starta med sol frå blå himmel.

Men det blir ikkje varig. Meteorologane melder at det vil skye til i løpet av ettermiddagen. Frå om lag klokka 16 vil det vere overskya.

Søndag 1. påskedag held fram med overskya vêr og vindauke: sørlege vindar frå morgonen av, dreiande sørvestleg utpå ettermiddagen. Kanskje litt regn og litt mildare enn det har vore i det siste.

Måndag 2. påskedag blir også overskya, med vindar frå sør og sørvest. + 8 grader i Ulsteinvik denne dagen – og regn.

Utover i veka blir vêret ganske roleg, men skya. Nedbør av og til. Til helga får vi sjå blåhimmelen igjen – og temperaturen skal opp i eit tosifra tal.