Subsea konstruksjonsfartøyet Island Pride, av typen UT 737 CD, vart døypt ved VARD Brevik i dag fredag.

Gudmor var Lilly Borgundvåg frå Ulsteinvik, gift med designaren av fartøyet Sigmund Borgundvåg - ein mann som har vore sentral i utviklinga av flåten til Island Offshore.

Etter seremonien fekk gjestane omvisning og forfriskningar om bord, medan middag og vidare markering av dåpen vart lagt til skipsreiar Anders Jahres tidlegare bustad, Midtåsen i Sandefjord.

Island Pride skal rett i eit fem månader langt oppdrag for Maersk Oil UK etter levering i april, der ho skal utføre «walk-to-work»- arbeid. Maersk Oil UK er ein ny kunde av Island Offshore.

Island Pride