Allmenngjering vart innført ved norske skipsverft 1. desember i år. Noko som inneber at utanlands arbeidskraft skal vere med på deler av tariffavtalen, som til dømes løn og arbeidstid. 14 tilsettevalde styremedlemer og tillitsvalde i Ulsteinkonsernet har bede Tariffnemnda om å utsette allmenngjeringsvedtaket for verfta. Og to av desse er frå Fellesforbundet. Diskusjonane ved Ulstein Verft har vore høge, og klubbleiar Jan Helge Dyngeland har møtt motbør frå sine eigne. I eit lesarinnlegg i Vikebladet Vestposten tysdag 9. desember skriv Dyngeland at han er forundra over at dei tillitsvalde først no engasjerer seg i saka, og han viser til at fleire forbund innafor LO har jobba med dette i lang tid. – Eg har kjempa mot allmenngjering i mange år Uttalen har fått Hanne Notøy ved Ulstein Elektro til å tenne på alle pluggar. Ho har vore hovudtillitsvald ved Ulstein Elektro i 6 år, men er no ute av klubbstyret. – Eg har kjempa mot allmenngjering i mange år, og har prøvd å finne andre løysingar, understrekar ho. Notøy fryktar at allmenngjeringa vil få konsekvensar for arbeidsplassen hennar. – Sjukehus, vegar og skular må byggjast i Noreg. Men skip kan byggjast stort sett over heile verda. Frykta mi er at norske skipsverft kjem til å flagge ut meir og meir arbeid, forklarer ho. Felles mål: skipsbygging på Osneset i framtida Notøy likar også dårleg antydningane som har kome om at tillitsvalde som sit i konsernstyret er i lomma på eigarane. At dei spring eigarane sitt ærend. – Eg blir frustrert over utsegner frå LO sentralt om at vi på Nordvestlandet spring eigarane sitt ærend når vi er samde med eigarane om allmenngjeringa. Vi tillitsvalde klarer å tenkje sjølve. Eg ser på det som ein styrke at tillitsvalde og leiinga kan stå samla. I denne saka har vi eit felles mål: at det også i framtida skal vere skipsbygging på Osneset, meiner Hanne Notøy. Ho understrekar at ho sjølvsagt er imot sosial dumping. Men synest ikkje det er sosial dumping når ein austeuropear som jobbar i Noreg får firdobla kjøpekrafta si. – Og er det sosial dumping når han får kostpengar til dei levekostnader han har i Noreg, eller når han bur på ein brakkerigg som har norsk standard? spør ho. Hanne Notøy meiner utanlandske arbeidarar i Ulsteinkonsernet har blitt godt mottekne og inkluderte i eit fint arbeidsmiljø. Ho er redd framprovoseringa av allmenngjeringa kan føre til at dei blir sende heim att til AustEuropa.