Torsdag føremiddag var teknisk utval i Ulstein på synfaring for å sjå og vurdere korleis ei eventuell ny bustadblokk i krysset Prost Ankers gate og Vikebakkvegen vil ta seg ut.

Medan dei stod på ei nabotomta og prøvde å forestille seg kor mykje av utsikta naboane vil miste om blokka kjem opp, lanserte tidlegare ordførar, Hannelore Måseide (Venstre) kvar ho meiner det bør byggjast bustader. Sjå videoen øvst å saka for å høyre kvar det er. Hanne Notøy (Arbeidarpartiet) meinte at der kan den nye brannstasjonen også liggje.

Lyden er litt låg, så det kan vere lurt å skru opp lyden.