Moldskred er opphavleg frå Haddal og har budd i mange år på Austlandet. No har han og familien flytta til Hareid.

Tidlegare har Lars Ove Moldskred mellom anna jobba som lærar ved vaksenopplæringssenteret i Bærum kommune.

På Hareidlandet er han nok mest kjend som habil fotballspelar for Haddal og Hødd, og for å ha starta treningssenteret Aktiv-senteret.

51-åringen tek over som rektor på kompetansesenteret etter Bjørnar Urke.

Ulstein kompetansesenter gir opplæring i norsk og samfunnskunnskap til vaksne innvandrarar.  I løpet av eit skuleår har senteret rundt 220 deltakarar frå cirka førti land, heiter det på heimesida til senteret.