– No like før skulestart oppfordrar vi til ein felles dugnad i lokalmiljøet for å betre sikta ved avkjørsler til private eigedommar. Det kan redde livet til mjuke trafikantar, seier prosjektleiar i Del vegen-kampanjen til Statens vegvesen, Signe Gunn Myre.

I ei pressemelding frå Statens vegvesen kjem det fram at dei fleste alvorlege ulukker der syklar er involverte skjer fordi bilisten overser syklisten. Av desse ulukkene skuldast tre av ti vegetasjon og dårleg sikt.

– Sjekk sikta ved din avkjørsel, og ta beskjæringa no, slik at skulebarna kan sykle og kjøre trygt forbi eigedommen din, oppfordrar Myre.