Det er to forskingsrapportar som viser at halvparten av studentane tek seg jobb i regionen der dei utdannar seg.

- Høgskulane er viktige for vekst og utvikling i regionane, både når det gjeld privat og offentleg sektor, seier rektor ved Høgskulen i Volda, Per Halse.

Lokalisering har noko å seie

For to år sidan kom Kåre Heggen ved Høgskulen i Volda og Knut Gythfeldt ved Høgskulen i Oslo og Akershus fram til at høgskulane si lokalisering har stor betydning for rekrutteringa til arbeidsmarknaden. Minst ni av ti med utdanning som lærar, førskulelærar, sjukepleiar, sosionom, barnevernspedagog og vernepleiar, som har tatt utdanninga si i same region som dei vaks opp, er også i arbeid i same region både to og fem år etter ferdig utdanning. Rundt halvparten av studentane som høgskulen rekrutterer til eige fylke, tek seg jobb i regionen etter utdanninga.

Fryktar sentralisering

Rektor Per Halse er kjend for å ikkje like så godt forslaga om å sentralisere høgskulane i større grad enn dei er i dag. Han meiner resultatet av noko slikt kan bli mangel på kvalifisert arbeidskraft i regionane som manglar høgskular.

- Det kan fort bli færre god søkjarar på lærarstillingar i regionane om all lærarutdanning i landet skulle bli samla i dei fem største byane, seier Halse.

I ei ny rapport frå Karl Ingar Kittelsen Røberg ved Senter for profesjonsstudier ved Høgskolen i Oslo og Akershus, analyserer han rekrutteringa til utvalde lærestadar på Vestlandet og i Oslo og Akershus for næringsretta utdanningsgrupper. Hovudresultatet i denne rapporten er at rekrutteringa og sysselsettinga i hovudsak skjer på fylkes- og regionsnivå.

- Avgjerande for næringslivet

Regionleiar i NHO Møre og Romsdal, Torill Ytreberg, er heilt einig med Halse i sistnemte.

- Å ha eit sterkt høgskulemiljø i Møre og Romsdal er heilt avgjerande for næringslivet, seier Ytreberg til framtida.no.