Odd Arne Vikebakk frå Kristeleg Folkeparti meiner Ulstein kommune ikkje må stelle seg slik at det brått ikkje er tid til å gjennomføre folkerøysting i samband med den planlagde kommunereformen.

I samband med det siste kommunestyremøtet i Ulstein gav han uttrykk for at ein ikkje må vente for lenge med å planlegge folkerøystinga.

Sånn han forstår regelverket må kommunane gjennomføre folkerøysting før 8. mai, og det er ikkje lenge til. For partiet hans er det viktig at innbyggjarane får seie sitt syn i denne saka.

– Kanskje mange politikarar og administrasjon vil innvende at me i dag ikkje veit kva kommunestruktur me skal ende med. Storkommune med Ålesund som senter, fire-fem kommunar på Ytre Søre, eller ei kommune på Hareidlandet. For vår del handlar ikkje dette om kva resultat me skal ende på, men at denne viktige saka går til ei folkerøysting. Ho må leggjast opp slik at innbyggjarane kan gjere seg opp ei meining, var bodskapen hans.