Sjømannsorganisasjonane Norsk Sjøoffisersforbund og Det norske maskinistforbundet tok tidlegare i vår kontakt med Ulstein kommune om at dei ønskte møte med dei. No er møtet gjennomført.

På sida til maskinistforbundet står det at ordførar Knut Erik Engh stiller seg positiv til kravet til sjømannsorganisasjonane om at det må greiast ut korleis ein kan sikre norske løns- og arbeidsvilkår for alle som jobbar i sokkelen og i norske farvatn.

Men Engh skal ha understreka at det ikkje må gå på kostnad av reiarlaga sin konkurranseevne i dagens vanskelege situasjon. Det er heller ikkje ønskje om å leggje til rette for auka proteksjonisme som i neste omgang kan svekkje norske reiarar sitt høve til å vekse i andre marknader.

Sjømannsorganisasjonane var nøgde med svara til ordføraren og forstår synspunkta hans.