Styreleiar Frode Ohr i Hareid Trafikkterminal AS fortel at saka kom fram no fordi den siste femårige leigeavtalen går ut til nyttår. Innspelet om sal har kome frå fylket, som i så fall vil gå inn og overta alel aksjane i Hareid Trafikkterminal AS. Men når saka no vart trekt, finn Ohr det lite sannsynleg med sal i denne omgangen. Det blir nok heller å fornye leigeavtale, trur han.
Aksjekapitalen i Hareid Trafikkterminal AS er på 1,2 milliona kroner. Fjord1 eig 63,33 prosent (760 aksjar), medan Hareid kommune eig resten; 36,67 prosent (440 aksjar).
Resultat før skatt dei tre siste åra har vore: 278.000 kroner i 2013 – 472.000 kroner i 2014 og 409.000 kroner i 2015.
Hareid Trafikkterminal kom i sving i 1999. Fylket betaler for drifta, inkludert snøggbåtpiren. Det kjem også inn nokre inntekter frå taxisentralen, kiosken og nokre hyblar.