Det felles fyrverkeriet i Ulsteinvik nyttårsaftan blir ikkje klokka ti på kvelden, som det først vart sagt, men klokka tolv. Altså skal fyrkeriet fyrast opp til midnatt.

– Det blir eit flott fyrverkeri, spår kultursjef Leif Ringstad.

Førebels har det kome inn nokre og sytti tusen kroner til fyrverkeriet. Det er eit spleiselag mellom næringslivet, privatpersonar og Ulstein kommune.

No håpar Ringstad at stormen er over til nyttår, så mange kan kome saman og nyte det felles fyrverkeriet.

Det blir oppskyting frå moloen på Saunes ved midnatt. Frivilligsentralen og kulturavdelinga stiller med bålpanne og gløgg på Store Vikholmen. Der er det god utsikt til fyrverkeriet og rikeleg med parkeringsplassar i nærleiken. Der blir det truleg litt rolegare enn i sentrum.

– Det er all grunn til å seie takk til næringslivet og privatpersonar for bidraga. Dette går til fellesskapen, takkar Ringstad.

Det er framleis ikkje for seint å bidra. Kontonummeret er: 6568.05.43458.