Datamaskiner som til no har vore nytta i skulen i Ulstein kommune, både av elevar og lærarar, får snart eit nytt liv i Afrika. Måndag denne veka sat Ane Hofsli Sætre, Kristin Sønnesyn Berg, Erik Ettner Sanne og Mathias Etnestad på Ulstein rådhus og klargjorde datamaskinene, før kvar og ein av dei blei pakka med i bagasjen til elevane frå Sunnmøre folkehøgskule som tysdag reiser til Tanzania.

– Det er i alt 60 datamaskiner, så det blir litt arbeid. Det blir spanande å sjå om vi klarer å halde oss innanfor vektgrensene, seier Kristin Sønnesyn Berg og Ane Hofsli Sætre til Vikebladet Vestposten.

Går til gode føremål

Sunnmøre folkehøgskule arrangerte loppemarknad laurdag, der midlane som kom inn går til eit arbeid som SUFH støttar. Eit arbeid for foreldrelause born og unge åleinemødrer i Ilula i Tanzania, der samarbeidspartnarane er Ilula Orphan Program og Ilula YWCA.

– Dei tre hovudprosjekta vi støttar er speidarrørsla, eit senter for unge mødrer og SUFH House eller KFUK-senteret, eit senter for vanskelegstilt ungdom. Datamaskinene vi har med oss nedover vil kome til god nytte i samband med alle prosjekta, og mange vil lære mykje ved å bruke dette materiellet, seier dei fire og legg til:

– Dette er maskiner kommunen skal kvitte seg med, og i staden for å selje dei for ein billig penge eller kaste dei, kan dei nyttast til gode føremål i eit anna land. Det er ein vinn-vinn-situasjon for alle, og vi set stor pris på bidraget frå Ulstein kommune.

Gler seg til å reise

Alle fire gjekk på folkehøgskulen i fjor, men blei så glad i skulen i Saunesmarka, at dei har valt å bli igjen eit år til for å utdanne seg til leiarar via stipendiat. Dei reiser saman med elevane på linja Global Safari, og var nyleg også med på tur til Israel og Palestina med same linja.

– Vi blir 35 totalt som reiser nedover, og skal vere der i fire veker. SUFH reiser med ein delegasjon til Tanzania kvart år, og vi gler oss til å kome tilbake dit igjen. Dette blir veldig kjekt, seier dei.

Måndag denne veka klargjorde fire stipendiatar frå Sunnmøre folkehøgskule i alt 60 datamaskiner. Desse har tidlegare vore nytta i undervisingssamanheng i Ulstein kommune, og får no nytt liv i Tanzania. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.