Tor Sindre Steinsvik er leiar for Sørøyane HV-område – og varaordførar i Herøy. Foto: arkiv

Sjå også: MYKJE ØYDELEGGELSAR ETTER DAGMAR og FLEIRE LESARBILETE FRÅ DAGMAR

Konsernsjef Elling Dybdal i Tussa fortel at dei om kvelden 1. juledag mobiliserte Heimevernet. Om morgonen 2. juledag stilte 17 personar frå Sørøyane HV-område til oppdrag. I Ørsta/Volda var 22 Heimevernsfolk samtidig klare til innsats.

– Heimevernet er ein stor lokal ressurs. Dei gjorde ein uvurderleg innsats for oss, kommenterer Dybdal.

Han opplyser at Tussa 2. juledag hadde tinga helikopter til å flyge over linene og undersøke kor store skadane var. Men vêret var så dårleg at det ikkje kunne lette. Rekognoseringa måtte derfor skje med folk som trakka rundt i terrenget.

Sørøyane HV-område kan bli lagt ned

Tor Sindre Steinsvik er leiar for Sørøyane HV-område, som omfattar kommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein. Området har tre troppar, med til saman 137 personar.

No står Sørøyane HV-område – og Volda/Ørsta HV-område, i fare for å bli lagt ned.

Forsvarssjefen har kome med ei tilråding om å fjerne fleire HV-område, blant andre Møre og Fjordane distrikt, som soknar til Setnesmoen. Sørøyane og Volda/Ørsta er innlemma i dette distriktet.

Tanken er at lokaliseringa i staden skal bli på Værnes i Trøndelag, og at HV-mannskapet i Noreg skal reduserast frå 45.000 til 30.000 personar.

Saka skal til Stortinget ut på vårparten.

Yte hjelp til sivilsamfunnet

I utgangspunktet er Heimevernet ei krigsoppsetjing, viss Noreg kjem i krig, skal heimevernet mobiliserast.

Men Heimevernet skal også yte hjelp til det sivile samfunnet, og ofte er det Fylkesmannen som kommanderer dei ut. Ved leiteaksjonar er det politiet som kan dra nytte av Heimevernet.

Tor Sindre Steinsvik har vore med i Heimevernet sidan 1985, og fortel at han blant anna har vore med på opprydding etter Arisan, som gjekk på eit skjer vest for Runde 12. januar 1992. Heimevernet har også vore med på fleire leiteaksjonar og naturkatastrofar. Blant anna brannsløkking på Stadtlandet.

– Etter mitt syn må leiingsapparatet i Heimevernet har lokal kunnskap. Vi kan no risikere at Møre og Romsdal blir utan tilknyting til forsvaret, og det vil vere synd. For det skjer stor verdiskaping på Søre Sunnmøre, og i krisesituasjonar kan Heimevernet vere viktig, kommenterer Steinsvik.