Samlinga blir i teltet til Hareid næringsforum, ved parken i sentrum. Både Jon Aasen (Sp.), Olav Bratland (H), Sein A. Roseth (KrF.), Asbjørn Rutgerson (Sunnmørslista), Oddbjørn Vatne (Sp.), Jan Magne Dahle (SV), Oskar Grimstad (Frp.) og Gunn Berit Gjerde (V) er lystne på å bli fylkesordførar for Møre og Romsdal dei komande fire åra. Og alle blir med på debatten. Arrangementet laurdag startar med eit kulturinnslag med musikk av ungdomar. Etter ei kort innleiing har fylkesordførarkandidatane tre minutt kvar til å presentere seg og programmet til partiet. Publikum har høve til å stille spørsmål. I teltet er det 150 sitjeplassar, og blir vêret bra vil sideveggene bli fjerna, slik at publikum som ikkje får plass inne i teltet kan delta. Kvar kandidat vil få eigen mikrofon, og i tillegg blir der ein trådlaus mikrofon som publikum kan bruke for å stille spørsmål. Hareid Høgre er arrangørar, og Linda Haddal Røssevoll reknar med stort oppmøte. Ikkje minst fordi Hareid denne gongen har to politikarar som tevlar om å bli fylkesordførar.