Hareid kommune har ikkje funne midlar til å vere med på ordninga med eit interkommunalt overgrepsmottak. Foto: ILLUSTRASJONSFOTO

Ålesund kommune er vertskommune for det interkommunale overgrepsmottaket. Målet er å sikre eit helsetilbod til ungdom og vaksne på Sunnmøre som blir utsette for seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar.

Det er eit lågterskeltilbod, mottaket er døgnope og all behandling er gratis. Mottaket er plassert saman med legevakta i Ålesund.

Også i 2008 var saka oppe i Hareid kommunestyre, som også då sa nei til å vere med på ordninga. Dette blant anna fordi det ikkje er eit lovpålagt tiltak, og kommunane ikkje blir tilført midlar til å vere med på ordninga.

Volda kommune har vore medlem av ordninga frå starten, og i 2011 har også Sande og Herøy kommunar meldt seg inn.

Kommunane Volda, Ulstein, Hareid og Ørsta har felles nattlegevakt ved sjukehuset i Volda. Styret for den Felles nattlegevakta ved sjukehuset i Volda har i brevs form oppmoda dei kommunane som ikkje har støtta opp om overgrepsmottaket, om å vurdere det på nytt.

Hareid, Ulstein og Ørsta er ikkje med

Volda kommune er medlem av overgrepsmottaket, medan Hareid, Ulstein og Ørsta ikkje er medlemer. Dette meiner styret gir eit ulikt tilbod til pasientane ved legevakta, avhengig av kva kommune dei høyrer heime i, og det skaper uvisse både for legar og pasientar omkring handteringa. Styret finn dette problematisk.

Styret har innhenta uttale frå gynekolog Idunn Myklebust ved Volda sjukehus som sterkt tilrår at alle kommunane vert med i ordninga, då det faglege tilbodet ved overgrepsmottaket er betre enn det Volda sjukehus kan gi.

Pasientar frå dei kommunane som ikkje er medlemer av ordninga, må bli behandla av eige legekontor eller av legevakt, med eventuell tilvising til gynekologisk avdeling og psykiatrisk behandling etter vurdering av behov.

Ved eit høve har overgrepsmottaket tatt imot ein pasient frå ein nabokommune som ikkje er medlem av ordninga, og sendt rekning på 70.000 kroner. Rekninga vart ikkje betalt, fordi det ikkje var noko kommunalt vedtak om å bestille tenesta, står det i utgreiinga til rådmannen.

Kvinner i ein sårbar og vanskeleg situasjon

Han meiner dei prinsipielle motførestellingane mot måten ordninga er innført på, og konsekvensane for ansvarsfordeling mellom stat, kommune og helseføretak, står ved lag. Men meiner det likevel er tvilsamt at dei som blir råka av denne prinsipielle motstanden, vesentleg er kvinner i ein svært sårbar og vanskeleg situasjon.

Den økonomiske situasjonen for kommunen er framleis svært vanskeleg, og det er ikkje løyvd midlar til formålet i budsjettet for 2012. Tilrådinga til rådmannen er derfor også denne gongen negativ.

Heller ikkje Levekårsutvalet fann midlar til tiltaket tysdag. Men i eit nytt punkt, oppmodar dei administrasjonen om å finne midlar til budsjettet for 2013.

Summen vil ligge på mellom 80.000 til 90.000 kroner.

Saka skal til handsaming i formannskapet 19. januar og til kommunestyret 26. januar.